Nattevakt, husmor og deltidsstudent hos eCademy

Kontormedarbeider

May Iren Giil


May Iren Giil

Gleda av å ha sjansen til vidare studie Oppdagelsens time
Satt på ei nattevakt omtrent for eit år sidan og lurte på kva sjanse eg hadde til å komme vidare i livet mitt. Har jobba som hjelpepleiar i 17 år, og kjende at ”no er det faktisk på tide å bevege seg vidare”. Surfa litt på nettet, googla, heiter det vel på ”fagspråket”, og kom til ulike utdanningssider. Vilblino.no og mange andre sider var eg innom den natta. 46 år, yngste barnet var 15, og mann i utanriksfart. Ikkje så store muligheter til å kutte jobb for å studere. Så eg hadde nesten gitt opp, då eg kom over ei side som heitte eCademy. Las med ”lys og lykte” over alt som stod på sidene deira. Og tenkte i mitt stille sinn at dette er for godt til å vere mulig. Neste dag ringte eg min kjære son, nettsidespesialisten. Det eg var mest skeptisk til, var om dette var noko ”lureri” som berre kom til å ete opp pengane mine. Lurte på om han hadde hørt om dette skuletilbodet. Og at det før kalla seg It-akademiet. Og DET hadde han hørt om. Og anbefalte at eg skulle ta kontakt med skulen. Så tenkt, så gjort. Fikk snakka med ei trivelig stemme, som heitte Stein Hugo Nygård. Han gav meg grundig informasjon om korleis dette virka, søknad til lånekassen og alt eg overhode måtte lure på. Han sende kontrakt, eg skreiv under og returnerte og ”vips”, eg var blitt student .

Studiestart
Så blei det oktober, og studiestart. Var veldig spent på korleis dette ville fungere i praksis. Mitt val blei Kontorfag. Har alltid likt organisering, litt rekneskap og klapring på tastaturet. Vel, eg logga meg inn på noko som heiter iLink, og så var eg offisielt i gang. ”Klasserom” på nett, hehe, det hadde eg ikkje trudd eg skulle vere med på noken gong. Vi var ikkje så mange på nettmøtet, kanskje 4 stk. Vi vart presentert for lærar Tore, og oppropt i tur og orden. Var litt spennande, å lære via nettklasse. Ville eg få nok hjelp dersom eg stod fast i noko. Ville eg forstå, og ikkje minst, hadde eg hjerne til dette. Tross alt, det var lenge sidan sist skuletime.

Mitt fag
Kontorfag, er som sagt det som eg har valt. No er det snart eksamenstid. Skuleåret har gått raskt, men ikkje berre smertefritt. Vi hadde litt problem med nettsamlingane våre ei lita periode, men det blei lagt opp nytt utstyr, og alt har gått som på skinner etter det. Læraren heng i stroppen for å svare på alt eg måtte finne på å spørje om. Og tru meg, eg har jammen ”masa” og spurt mykje dette skuleåret.

Fordelen med nettstudie
Fordelen for meg når det gjeld nettstudier, er at eg kan likevel vere i jobben min, mens eg tar utdanning vidare. Går ikkje glipp av arbeidsinntekt, og eg kan studere når eg vil. Vel det er ei overdriving med modifikasjonar. For det er slik med dette studiet som med vanlige studium, skal du få til noko må du også yte noko. Og det var meir jobbing med dette, enn eg eigentlig hadde tenkt det skulle vere. Men når det er sagt, så har dette fungert perfekt for meg og min situasjon. Andre fordelar er at du ikkje er nøydt å vere på alle klassesamlingane. Desse blir tatt opp, og du kan laste dei ned og følgje undervisninga når det passar for deg. Men det er lurt å følgje dei om du har muligheit. For då kan du få tatt opp problem, og få svar på det med ein gong. Men har du ikkje anledning til å vere med på samlingane, så sjå dei når du vil, og send spørsmål til lærar. Vår lærar har vore fantastisk, fredag kveld eller søndag, eller laurdag for den del, han har svart når eg har trengt hjelp. Og har det ein sjeldan gong tatt litt tid før eg har fått svar, så har eg kanskje jobba litt ekstra og funne ut av det sjølv.

I tvil????
Er du i tvil om dette er det rette for deg? Ikkje tvil i det heile tatt. Dette året har vore udelt bra. Har til og med søkt på nytt skuletilbod til hausten, Rekneskap. Så då er det berre å sende søknad til Lånekassen, om stipend/lån. Og ein god del av lånet blir gjort om til stipend når eksamen er bestått. Og studentbevis gjer at det blir billigare med buss og båt, noko som også er ein stor fordel. Er du organisert, kan (i alle fall Fagforbundet) forbundet gi deg ei stipendordning på ca 15 000.- Så om du trekker frå 13 000 frå lånekassen (omgjort til stipend) og 15 000 frå fagforeining, så har du 28 000.- allereie. Og då har skulen liksom kosta ”ingenting”. Ikkje la tvilen kneble deg, ta steget ut i eCademy si skulestove, ikkje gå å subb i di eiga.


Nyhetsbrev

Her kan du abonnere på nyhetsbrev fra eCademy. Tjenesten er gratis, og du kan når som helst avslutte abonnementet. Meld deg inn her.

Fakta om eCademy

Her finner du en kort histore om eCademy (tidl. IT-Akademiet e-læring) og nyttige fakta om oss. Les alle fakta her.

Kontakt oss

eCademy AS
Gladengveien 14, 0661 Oslo
Sentralbord: 46 44 07 00
Telefaks: 852 33 078
nettstudier@ecademy.no

Design utarbeidet av MUX MediaLab, Norway